page view image

Hjortejakt på Svanøy første jakthelg 2026!

Den første jakthelga er det særleg gode sjansar for å felle hjort, med godt skytelys, rolege dyr og lange jaktdagar. Vi lærer vekk knepa som skal til for å lukkast og gjer vårt beste for at du får eit godt og lærerikt opphald. Ta kontakt for å avtale jakt.

Information
event image

Dette er første jakthelga på Svanøy og særleg attraktiv. Pris avtalast direkte med oss, så ta kontakt per telefon eller på e-post: hjort@hjortesenteret.no

Info:

Dette er ein unik moglegheit for deg som vil oppleve hjortejakt med gode sjansar for å sjå og å felle hjort. Prisen for dette arrangementet dekker jakt, guiding, tilgang til ettersøkshund, transport på Svanøy og all overnatting. Middag fredag og laurdag er også inkludert.

Losji er i utgangspunktet i Blåhuset ved Norsk Hjortesenter, men det kan og avtalast å kombinere jakta med overnatting ved Svanøy Hovudgård. Det er maksimalt plass til 10 jegerar på dette arrangementet. Eventuell annan drikke enn te, kaffi og vatn kjem i tillegg.

Kvar jeger har rett til å felle 1 hjort spesifisert etter alder og kjønn. Dersom du feller din hjort allereie fredag er det mogleg å kjøpe ekstra løyver. Bukkar eldre enn 2,5 år kan ikkje fellast med mindre anna er avtalt spesielt. Gamle bukkar, såkalla returbukkar kan fellast etter nærare avtale og det kjem då eit tillegg i prisen.

Hjortane som vert felte er Norsk Hjortesenter sin eigedom, men det er mogleg å kjøpe med seg eigen skutt hjort eller annet hjortekjøt om ønskeleg. Eventuelt trofé og skinn vil jeger få. Trofé kan bli preparert (skinn, skallar osv.) og sendast kunden per post dersom ønskeleg og til avtalt pris for arbeidet med trofébehandlinga.

Utfyllende informasjon om jakta finn du her: https://www.hjortesenteret.no/hjortejakt-pa-svanoy/  . 

Relevante filmer her:



Annen relevant informasjon finner du her!

Påmeldingsfrist er 15. august 2024.