page view image

Fotojakt - brølande hjortebukkar og freidige koller

Information
event image

Ingen jakt - berre rå naturopplevingar med hjort i unik regnskog kombinert med gode matopplevingar. Svanøy har temperert regnskog som er ein sterkt truga naturtype i vår del av verda. Kven skulle trudd det?

Svanøy består av om lag 11 km2 kupert regnskog og kulturmark med relativt høg hjortetettleik. Frå slutten av september startar hjorten si brunsttid. Frå omlag midten av oktober vil dyra vere i aktivitet heile døgnet og sjansane for å høyre bukkane brøle vil då vere stor. Andelen eldre, store kronhjortar på Svanøy er høg, og det er bukk vi håper at de skal få observere her samen med oss.

Forbehold om minimum 4 deltakarar.

Program:

Fredag:

1650 – ankomst Svanøybukt
1650 - transport til Hjortesenteret og Det Blå Huset
1700 – vandring til Kvalstadmyrane
1830 – middag på Hjortesenteret med foredrag om «Hjortens brunsttid – adferd, biologi og økologi»
2000 – eigentid og vandring tilbake til  Det Blå Huset

Lørdag:

0500 – tidlig til skogs for å lytte og å lokke på hjort, og å nyte frokost i skogen (smøre niste kvelden før)
0900 – foring med påfølgende omvisning på Hjortesenteret
1130 – foredrag «Frå villmark til spisebord»
1230 – lunsj på Hjortesenteret
1330 – partering av hjortelår
1500 – hjortebrøl
1930 -- etter solnedgang tilbake til Det Blå Huset, dusj, tørking av klær mm.
2030 – Middag på Hjortesenteret

Søndag:

0500 – tidlig til skogs for å lytte og å nyte frokost i skogen (smøre niste kvelden før)
0700 – hjortebrøl der vi søker å lokke til oss bukker
1100 – eigentid (tørking av klær mm)
1200 – lunsj på Hjortesenteret
1300 – film «Jakten på returbukken»
1430 – pakking og transport til Svanøybukt
1520 – avreise Svanøybukt


Betingelser:

Alle måltid er inkludert, men mineralvatn og alkohol kjem i tillegg.
Det vil ikkje bli tillatt å jakte denne helga, då vi ønsker at dyra skal få ro i brunsten.


Utstyrsliste:

Tørrmat, snack mm. - det er butikk på Svanøy!
Varme klær m/ skift
Lydlaus jaktdress (helst grøn)
Hansker, lue og kamuflasjemaske
Godt fottøy
Ein god kikkert
Kamera / fotoapparat

Sovepose dersom nokon ønsker å overnatte ute!

Eventuelt hengekøye :-)




Velkommen til brølejakt i hjortens rike – «Svanøy – Sunnfjords perle»




Restrictions

Forbehold om minimum 4 deltagere