Viltseminar 2019

Arrangementsinformasjon

VILTSEMINARET ER EIT SAMARBEID mellom Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Bondelag og Stiftelsen Norsk Hjortesenter. Det set fokus på aktuelle tema i høve hjortevilt, småvilt og rovvilt. Målet er å skape ein felles møtestad og arena for den kommunale viltforvaltninga, grunneigarar, jegerane og elles alle med interesse for vilt og viltforvaltning.

Som arrangører har vi gleden av å ønske velkommen til to innholdsrike dager og et seminar som er en viktig arena for faglig oppdatering og for å bygge nettverk.

Blant årets foredragsholdere er Helene Wilson, Jørgen Henden, Arne Nævra, Tor Punsvik, Jo Trygve Lyngved, Knut Madslien, Anders Felde, Espen Stokke, Alf Erik Rørvik, Torstein Storås, Jo Trygve Lyngved, Stein Joar Hegland, Erik Lund, Johan Trygve Solheim med flere.


Program Viltseminar 2019



Fredag 15. mars 2019 - ordstyrar: Alf Erik Røyrvik



11:00-12:00

Ankomst og registrering

12:00-12:30

Lunsj

12:30-12:45

Velkomen til seminar – status for viltbestandane, Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter, SNH

12:45-13:15

Forvaltning av haustbare viltartar, Espen Stokke, Landbruks og matdepartementet

13:15-13:35

Kostnader med hjortebeiting i eng, Arve Arstein, Norsk Landbruksrådgjeving

13:35-14:00

Hjortens beiting – økologi, status og utfordringar, Stein Joar Hegland, Høyskolen på Vestlandet

14:00-14:15

Pause – kaffi og litt å bite i

14:15-14:45

Parasittar hos hjortevilt, eit aukande problem? Knut Madslien Veterinærinstituttet

14:45-15:15

Jaktutleige - krav til gode produkt, Jo Trygve Lyngved, Skjåk Almenning

15:15-15:30

Bestandsplanar –  kven, kva, kor og korleis? Erik Lund, Miljødirektoratet

15:30-16:00

Hjorteviltforvaltning på ville vegar? Arne Nævra, Stortingsrepresentant

16:00-16:30

Pause – kaffe med noko å bite i

16:30-18:00

Naturfilm ved Arne Nævra, Naturfotograf



19:30-

Festmiddag - oppdekking i eigen sal: Toastmaster Kjell Kristian Carlsen



Laurdag 16. mars 2019 – ordstyrar: Magnus Frøyen



07:00-

Frukost

09:00-09:15

Velkomen til dag 2

09:15-09:45

Haldningar til jakt i befolkninga, bruk av sosiale medier mv, Alf Erik Røyrvik NJFF

09:45-10:00

Korleis ta gode «trofebilder», Jørgen Henden student ved Høyskolen i innlandet (HiNN)

10:00-10:15

Modellering som verktøy i bestandsforvaltninga,  Helene Wilson student ved UiB

10:15-10:45

Faktorar som påvirkar småviltbestandar, regulering av jaktuttak, Torstein Storaas HiNN

10:45-11:00

Pause – kaffe med noko å bite i

11:00-11:15

Omsetjing av hjorteviltkjøt - erfaringar med feltkontrollørordninga, Johan Trygve Solheim, SNH

11:15-12:00

Et kritisk lys på jaktrettens betydning for en god hjorteviltforvaltning, Tor Punsvik, Punsvik Naturforvaltning AS

12:00-13:00

Paneldebatt: Har grunneigarane forstått si rolle? I panelet: Anders Felde, Tor Punsvik, Arne Nævra og Erik Lund

13:00- 13:15

Oppsummering og avslutning

13:15-

«Lunsj»


Programmet er rikhaldig begge dagar. Blant anna får vi ei grundig orientering ved Espen Stokke frå Landbruks og Matdepartementet (LMD) i høve omlegging av forvaltninga av det haustbare viltet. Og vi set fokus på stoda for hjortebestandane våre – storleik, beitekader, parasittar, jaktutleige og bestandsplanar er nokre av stikkorda her.

Den kjende naturfotografen og rikspolitikar Arne Nævra meiner ein kanskje er på ville vegar i forvaltninga av hjorteviltbestandane våre og vil fortelja kvifor. Fredag avsluttar vi seminaret med ein film av Arne Nævra som set lys på dette før vi samlast til festmiddag og meir uformelle diskusjonar.

Laurdag ser vi på haldningane til jakt i befolkninga og korleis vi bør forhalda oss til dette gjennom t.d. bruk av sosiale media for å publisere jaktopplevingar. Vi set og fokus på småvilt og småviltbestandane, og ser litt nærare på erfaringane med den såkalla feltkontrollørordninga i høve omsetjing av viltkjøtt. Deretter sett Tor Punsvik fokus på jaktrettens betydning for en god hjorteviltforvaltning. Dette foredraget gir ein naturleg overgang til ein paneldebatt der vi stiller spørsmålet : Er grunneigaren forstått rolla si og dermed skikka til å drive hjorteviltforvaltning?

I panelet står Anders Felde frå Norges Bondelag, Espen Stokke frå Landbruks- og matdepartementet, Tor Punsvik frå Punsvik Naturforvaltning AS, Arne Nævra frå Det Norske Stortinget og Erik Lund frå Miljødirektoratet.

Viltseminar 2019 er ein viktig arena for meiningsutveksling og med moglegheit for å påverke norsk viltforvaltning i årene framover. Enten du er blant dei som ynskjer å utrydde hjorten, eller aldri synes det blir nok hjort i skog og mark.

Velkommen til et felles kunnskapsløft!




http://www.hjortesenteret.no/kursbetingelser/ 


Ansvarsfraskrivelse

Sjekk kursbetingelser!