Matkurs - god saus til hjortekjøt - verdas beste råvare!

Lag mat frå botnen saman med kokk Tore Skarstein og Norsk Hjortesenter. Du får lære om hjort som råvare, lage to ulike sausar og lære triksa som gjer at du lukkast, kvar gong. Kurset vert avslutta med festmåltid og god drikke. Kurset høver for alle og er særleg lærerikt.

page view image
Event date

Tuesday 28 May 2024 18:00

Ends Tuesday 28 May 2024 22:00
Calendar entry will adapt to your local time zone
order

Available items

ticket item
Matoppleving - matkurs
Matkurs og matoppleving
event image

Event information

Kurs for mat-interesserte. Fokus på hjort og god saus. Kurset passar for alle.

Norsk Hjortesenter vil halde ein kort introduksjon om Hjortesenteret, råvarer og vårt fokus på matkvalitet - frå skotet går i skogen til kjøtet kjem på bordet. Det vil bli gjeve ein presentasjon av styknings-delen som skal nyttast i kurset.

Deltakarane vil jobbe to-tre i lag med kvar si kokeplate. 

I kurset vil det vere fokus på:

  • Steiketeknikk
  • Kraft som basis for god saus
  • Jevning
  • Tips for å få fram den gode smaken i sausen, utsjånad, konsistens
  • Anretning av mat på tallerken og komposisjon
  • Nyte eit godt måltid med god drikke til

Tags

hjort
saus
matkultur
Organizer
Norsk Hjortesenter