page view image

3 ulike kurs: Feltkontrollørkurs, slaktekurs og parteringskurs på Svanøy i august

Perfekt oppladning til jakta - lær deg å ta vare på slaktet på ein optimal måte og dermed få det beste utgangspunktet for gode måltid basert på viltkjøt!

Information
event image

Velkommen til feltkontrollør-, slakte og parteringskurs ved Norsk Hjortesenter på Svanøy fredag 16., lørdag 17. og søndag 18. august 2024. 

Kursa kan takast kvar for seg, eller samla. Hjortesenteret tilrår at du kombinerer feltkontrollørkurs med slaktekurs. Då får du ein rabattert pris og betalar 4500,- for begge kursa. 

Kursmateriell og lunsj er inkludert i prisen for kvart av dei tre kursa. Dersom ein deltek på fleire kurs vil ein kunne få overnatting til kun kr 400,- per natt. Det er antalsbegrensing på slaktekurset (4 stk) og på parteringskurset (4 stk).

Kurset er anbefalt for alle som ønsker å perfeksjonere sine kunnskaper om å ta best mulig vare på slakt av hjortevilt og lære seg betre slakteteknikk med fokus på hygiene. Her er noko å lære for alle! 

Les meir om feltkontrollørordningen her: http://www.hjortesenteret.no/feltkontrollor/

og du kan lese om våre vanlege slaktekurs her: https://www.hjortesenteret.no/kurs-i-slakting/

Sjå gjerne filmen "Hjortevilt fra villmark til spisebord" før du deltek på dette kurset :-)



Einschränkungen

Sjekk kursbetingelsene på Hjortesenteret sine nettsider. Det er forutsett minimum 5 deltakarar til feltkontrollørkurset og 2 deltakarar på kvart av dei andre kursa. Påmeldingsfrist 1. august